Folkedans og folkemusikk i Volda kulturskule: «Øyrafolk» og «Øyraspel»
Volda kulturskule har eitt gruppetilbod i folkedans (+ folkesong) og folkemusikk (samspel) for born frå 1. klasse og oppover, og eitt samspelstilbod for vaksne i folkemusikk
Øyrafolk:
Bornetilbodet har namnet «Øyrafolk» og går kvar onsdag i tidsrommet 1730-1900. Ein kan velje å melde seg på både i folkedansgruppa og i folkemusikkgruppa – eller velje berre i ei av dei.
For å byrje i folkemusikkgruppa må ein ha spelt minst eitt år på sitt instrument. Her har me m.a. born som spelar fele, piano, cello, trekkspel og trommer. Om born med andre instrument er interesserte, så ta kontakt så kan me vurdere gruppesamansetjinga og korleis det instrumentet passar inn.
Me har fokus på glede over samspel og samdans. Me lærer bort norske folkedansar, folkemusikk og folkesongar, me leikar og legg vekt på å skape eit godt sosialt miljø.
Instruktørar er Anna Gjendem (dans) og Jorun Marie Kvernberg (spel og song) med fleire.
Øyraspel
Vaksentilbodet har namnet «Øyraspel» og er eit reint samspelstilbod for vidarekomne på instrument (ikkje song). Me øver ti onsdagar i halvåret i tidsrommet 1915-2045. Instrumenteringa er per i dag mange feler, perkusjon og piano. Gruppa er i utgangpsunktet ope for alle slags instrument, men instruktøren vurderer andre instrument i forhold til gruppesamansetjinga og praktisk gjennomføring.
Instruktør er Jorun Marie Kvernberg