Sula Jazzorkester er ei samspelgruppe i kulturskulen i Sula. Ensemblet består i dag av åtte medlemmar.
Vi øver annakvar tysdag kl.19.00 på kulturskulen i Langevågen. Jazzorkesteret består av elevar frå 7.klasse og opp til videregåande.
I Sula jazzorkester har vi fokus på å spele jazzmusikk etter gehør og utvikle ferdigheiter i improvisasjon.
Vi speler repertoar som til dømes standardlåtane «All blues» av Miles Davis og «Song for my father» av Horace Silver.
Musikken blir arrangert og tilpassa til jazzorkesteret.
Som elev i jazzorkesteret bør du ha spelt nokre år på instrumentet ditt. Vi ser etter elevar som er interessert i rytmisk musikk, som har ønskje om å lære meir om improvisasjon og gehør, og treffe andre elevar med same interesse.
Sula kulturskule tilbyr god opplæring i jazz og samspel, med mange dyktige pedagogar med spisskompetanse i jazz.
I Sula Jazzorkester får du lære om improvisasjon, transkripsjon, skalaer, jazzteori, samspel og gehørbasert musisering.
Ensemblet er med på felles-produksjonar til Sula kulturskule, samt ein eigen jazzkonsert på Kølbuda på Devoldfabrikken.
Sula jazzorkester blir leia av Dag-Filip Roaldsnes og David Gald.
Ta kontakt med Dag-Filip Roaldsnes om du har spørsmål Dag-Filip.Roaldsnes@sula.kommune.no
Pris er 2030,- pr. år
Sjekk også www.sula.kommune.no/sulakulturskule